Studentsamfunnet i Sogndal - SiS
Studentsamfunnet i Sogndal bidrar mye til det sosiale som skjer i Sogndal. Dei har den daglege driften av studenthuset Meieriet, og arrangerar konsertar, quiz og festar.
Studentsamfunnet i Sogndal tilbyr også eit bredt spekter av aktivitetar innanfor mange av ulike undergrupper.
Lurkarlaget
Lurkarlaget er friluftslivsorganisasjonen til Sogndalstudentane. Organisasjonen arrangerer og gjennomfører ulike turar, kurs og aktivitetar på alle nivå gjennom heile studieåret. Klatring, ski og snowboard, sykling, fotturar og teltturar er berre nokre av aktivitetane som blir drive.
Studentspretten
Studentspretten studentorganisasjon for idrett i Sogndal, driven av og for studentar for å tilby trening og mosjon gjennom ulike aktivitetar. I organisasjonen får studentane moglegheita til å koble av og utfalde seg sportleg i ein elles travel studentkvardag.
Aktiv på skulen, aktiv etter skulen!
Sjøspretten
Studentorganisasjonen for deg som trivst best på og i vatn! Dei tilbyr kurs og aktivitetar innan dykking, havkajakk, elvepadling og surfing!
Framtiden i våre hender Sogndal Studentlag
Studentorganisasjonen for deg som er oppteken av miljø og bærekraft.
Laget
Laget er organisasjonen for deg som ønskjer eit felleskap med fokus på tru.
Trivselssentralen
Studentanes frivillige organisasjon for solidaritet, trivsel og felleskap.
Luftlauget
Sogndalsstudentane si nye studentorganisasjon for luft- og vindsport organiserer turar, kurs og aktivitetar gjennom heile studieåret. Organisasjonen driv med ulike aktivitetar som kiting, paragliding, skiseil, vindtunnel og fallskjermhopping.