To barn i fargerikt regntøy som leker i en sølepytt.

Saman Sogndal Studentbarnehage

Saman Sogndal studentbarnehage ligg lunt til i sentrum, med korte avstandar til alle fasilitetane i bygda. Vi har ein triveleg uteplass med husker, sandkassar og lekestativ, og vi nyttar skogen aktivt som leikeplass.
Lokasjon
Saman Sogndal studentbarnehage ligg lett tilgjengelig til i sentrum. For foreldre som ynskjer å levera med bil, har vi eigne parkeringsplassar tilrettelagde for henting og levering i barnehagen.
Avdelingar
Barnehagen har tre avdelingar. Sol og Stjerne er småbarnsavdelingar, medan Måne er storbarnsavdelinga vår.
Dei minste sover trygt og godt i eigne vogner i barnehagen vår, og me har ein eigen medarbeidar som sit ved vognene når barna søv.
Livsmeistring – robuste barn og unge
Stadig fleire barn og unge slit psykisk. Det er ikkje lett å veksa opp i dagens samfunn med all den påverknaden vi får frå sosiale media og samfunnet rundt oss. Arbeidet med å gjera barna meir robiste, slik at dei kan stå imot press, stå stødige i seg sjølve og vera tøffe nok til å ta eigne val, må byrja allereie i barnehagen. I Saman Sogndal studentbarnehage skal barna møta vaksne som synleggjer, tryggjer og anerkjenner barna, som hjelper dei å regulere kjenslene sine, som støttar dei gjennom sorg og skuffelse, og som hjelper dei til å leika og meistra. 
Mat i barnehagen
I barnehagen vår serverer vi to fruktmåltid om dagen og varmmat kvar fredag. Dei andre dagane tek barna med eigen matpakke. Vi serverer mjølk og drikke til alle måltid.
Foreldre betalar 190 kr. i kostpengar per månad.

Åpningstider

Generelle åpningstider
Mandag
07:15
-
16:15
Tirsdag
07:15
-
16:15
Onsdag
07:15
-
16:15
Torsdag
07:15
-
16:15
Fredag
07:15
-
16:15
Lørdag
Stengt
Søndag
Stengt

Her finner du oss

Dalavegen 10, 6856 Sogndal

Kontakt oss

Kontaktnummer: 90 16 13 34
Styrar: Benedikte Brenden